Atelier Mona Ida

 

Atelieret ligg i Bygland sentrum, i Åkhus - opp mot skogkanten... 

Du svingar av frå Riksveg 9 ved Bygland kyrkje /Shell-stasjonen/ -> inn mot Bygland sentrum.  Det er då off. skilting til atelieret som du kan følgje innover på sentrumsvegen, gjennom tunet på KVS-Bygland.  Det er 6-700 meter frå riksvegen til atelieret. 

Atelieret er ein ombygd liten driftsbygning tilhøyrande bruket Rydning.  I mellomkrigstida var det kyr og sauer på småbruket.  Dei siste dyra som var i bygningen var gjess og nokre høner, fram til 1992.  I 1994 vart uthuset ombygd til atelier med takglas, og veggane er no raude & nymåla ! 

Atelieret har ope etter avtale.  Telefon 379 35 269 eller mobil 9706.1594

Velkomen !!