Atelieret vart innreida og opna i 1994.
I den gamle låven oppmed Bjønnåni, innmed skogen…
Her blir Setesdalsmotiv i acryl og litografi til.
Inspirasjonen til bileta vert henta frå verkelegheita;
frå barna og kvardagen vi lever i…
Den rike Setesdalskulturen med stakkane og skinnfua
innbyr til fart, liv, ljos, kontrastar, humor, satire
og stemningar.
Etter avtale kan du få servert ein musikalsk smakebit.
Songar frå dengong ein var liten og fram til den
sjølvkomponera 1000-årslåta ”Nattergal” som vart
kåra til Aust-Agders 1000-årslåt av VG og NRK på
Universal music.