CD med tusenårslåta for Aust-Agder

 

denne CD'en kan vi no ta i bestilling i høve eit komande 

nytt opplag

Framside...

denne CD'en kan vi no ta i bestilling i høve eit komande

nytt opplag

 

Label - CD med Mona Ida

denne CD'en kan vi no ta i bestilling i høve eit komande

nytt opplag

Spor #8:  'NATTERGAL' / Tusenårslåta for AUST-AGDER / # 5 i nasjonal finale NRK

INFO frå nettside 1999:

I 1996 begynte arbeidet med arrangement og plateutgjeving. At ting tek tid har vi alle lært, så og med musikk. Stoff skal mognast, arrangement skal prøvast og feilast, spelemenn skal teste, prøve og bli kjent med stoff og tekst.  Dette er berre noko av det som har gjort ventetida lang.  Men den som ventar... som kjent, og noko godt har det kome ut av det!  Med mest mogeleg entusiasme kan eg seie at eg er nøgd med resultatet.  For å seie det slik: Det er vel alltid noko der framme - som ein ser kunne vore gjort, noko som ville bli betre?  Men så lyt ein setje ein strek ein stad... - og overmodne bær smakar litt for søtt! - det trur eg heldigvis eg har unngått.

Produsenten
Alf Emil Eik
har vore produsent. Han har tatt mitt prosjekt inn mellom alle sine tyngre oppdrag.  Likevel er det blitt godt resultat.  Det er med stolthet eg seier at Alf Emil har vore produsent.  Han har naturleg nok sett sitt preg på plata, men etter beste mulige evner gjort det slik eg ville ha det.  Eit lågbudsjett må naturleg nok kompromisse, reint instrumentalt.

Melodiane
Melodiane og tekstene har blitt til i Rydning; på kjøkkenet, i senga etter midnatt, i bilen, i atelieret og der det har funnest blyant og papir og straum til den enkle kassettspelaren.  Det er mykje røtter i stoffet.  Min bakgrunn som fireårig bedehus-sangar saman med bror min på trekkspel og mor mi på gitar ligg nok og ulmar i botnen på fleire av sangane.  Samt inspirasjon frå folkemusikk og notidas meir moderne uttrykk.  Eg skriv mykje dikt og noveller.  Enkelte av desse har eg komprimert ned til ord og setningar.  Eg likar når ting kling i toner og svever i lufta, samt at eg vil røre ved noko.  Helst vil eg at du skal tykkje det er vakkert!

Konsertar
Fyrste møte med pulikum blir på Landsskytterstevnet (Evje 30/7-1999).
Til hausten vil eg halde fleire konsertar.
Eit spektakulært show der dans og drama er ingrediensene.
Turne vil bli lagt opp i fleire bygder, fyrst her sør.  Det blir og eit offisielt plateslepp med markering av ein milepel for meg sjølv.

Støtte
CD'en er støtta av Valle Sparebank og Kulturstyret i Bygland.


Tekster

Song om Kjærleik

No kjem - no kjem ein song om kjærleik
Tankar - tankar om å høyre te`
Eg skriv det - skriv det til deg i ei song
Min måte - min måte å nå deg ei gong

Det er tårer - det er tårer som smerter her inne
Kan'kje hugse - kan'kje hugse når det var
Men eg veit - eg veit eg vil du skal sjå det
Min måte - min måte å nå deg ei gong

 

Eg treng deg no i kveld

Eg treng deg no i kveld
eg treng at du seier du held av meg
behøver meg søkjer meg inderleg
eg treng din styrke
og kviskrande ord
som seier du elskar meg

Eg treng at du er her aleine
å vite at du er den sterke
som behøver meg
søkjer meg inderleg
eg treng deg her no i kveld

Eg treng at du er mine augo
eg treng at du lyg litt om meg
om livet og alt som er til
Så blir eg i stunda
og ser alt heilt klart.
Kom - stryk over sjela mi
og sei at du elskar meg

 

Den redde foglen

Ref: Koffor tenke meir på det
la fortida ligge i fred
koffor tenke meir på det
Når dagen bare ligg og er te`

Redd for kor det bar
fekk han sjå det slik det var
han sto avkledd, liten og rar
med dei svar han endelig har
Den redde foglen er flogen i veg
og kjem aldri meir til deg
den redde foglen vil ta små steg
uti det ukjente på frammad veg

Dei varlege vingeslag
er ei tid då natt blir til dag
som ei fyrlykt viser ein veg
er den foglen symbolet på angsten i deg
Den redde foglen er er flogen i veg
og kjem aldri meir til deg
den redde foglen vil ta små steg
uti det ukjente på framand veg

 

Sjeledans

Augo eg såg i var bunnlause blå
Figurar i rollespel - sjå mitt tablå
dansen vi aldri dansa
lik fuglar som svevar
Uten stans var vår sjeledans

Augo var ved deg
augo mine ved deg.
Orda vart aldri sagt
det bunnlause tok all makt
Og dansa oss ut i
dansa oss ut i
dans oss ut i timar i
Timar i
vår sjeledans

Scenen står klar når teppet går ned.
Skuggane smyg ikring utan fred.
Rollene spelast - maskene fell
lik fuglar som svevar

 

Uforberedt

Handa di var varm
handa mi var klam
augo var så grå
augo var så blå
Blåøygd og mottakeleg
for tankane dine
blåøygd og uforberedt
for handa di

Som eit lite barn
handa mi var varm
Som eit lite barn
handa di var varm
Blåøygd og mottakeleg
for tankane dine
blåøygd og uforberedt
for handa di

 

Avskjed

Ingen storm
ingen sol
ingen luft
og ingen dag
:\: berre eg og du
og det som var :\:

Det som var
er ingenting
for deg
det som var
er over
det som var
er poesi
Det som var
å være fri

 

Skumringsslør

Du spegel der i skumringsslør
dans meg rundt iskumringsslør
dans meg rundt i skumringsvals
lett som fnugg i sommarvals

Rundt i kvirvlande vals
slør kring armar og hals
slør i augo og tankar
og i tida som bankar

Natt i kvirvlande vals
du og eg i kvirvlande vals

 

Nattergal

Flyg over fjell og dal
lik ein Nattergal
heilt aleine
borte frå alt jag
ser ein vakker dal
i ein annan dag
til eg vaknar av
den som skrik det er eg

Eg veit at du ventar
alltid
eg veit at du lengtar
alltid
Men eg er redd for alt du gir
Og du lir når eg ikkje blir

 

Musikarar og produksjon

Tekst, melodiar og medarrangør:
Mona Ida

Produsent og arrangør:
Alf Emil Eik, Cross Studio

Musikarar:
Mona Ida - song og koring
Knut Kjetil Møen - leadgitar
Øystein Foshagen - violin
Jan Florian Skoglund - didjeridoo
Øyvind Gundersen - saxofon
Vidar Frøysnes - gitar, dobro og koring
Alf Emil Eik - div.synth, piano, bass, gitar og arrangement

Foto:
Marit Simonstad Kvaale

Legal Advice:
deBesche & Co, Oslo

Mastering og CD-Produksjon:
Masterhuset

 

Takk til:
Spesiell takk til Are Skisland for all støtte og oppbyggning av demotape i Riverside Studio, Kvinesdal.  Takk til Sveinung Roland for støtte og hjelp til dei fyrste famlande skritt.  Også takk til Reino Ilkama, Odd Brommeland og Jan Inge "Jango" Nilsen, for fine dager i Major Studio, Oslo og til alle som har gitt meg moralsk støtte og oppbyggning gjenom desse tre ikkje alltid like lette åra.  Og sist men ikkje minst; TAKK Vidar!

Takk Alf Emil! Du hadde tru på prosjektet mitt og har laga mykje fint; så langt det har latt seg gjere etter eit lågbudsjett!  I kompromiss med symfoniorkester etc. har du lagt att mykje av deg sjølv - og det vil eg hugse med glede.

 

Til deg som lyttar:
Eg vonar at du gjennom tekstene og melodiane mine vil oppleve noko vakkert.